283719_not-searchable
/befolkning/statistikker/ekteskap/aar-hovudtal
283719
Lågaste talet på vigslar sidan 2006
statistikk
2017-02-23T08:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
false

Ekteskap og skilsmisser2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågaste talet på vigslar sidan 2006

I alt blei 22 500 par vigde i 2016. Ikkje sidan 2006 har færre par gifta seg.

Inngåtte ekteskap, skilsmisser og separasjonar
20152016Endring i absolutte tall
2015 - 2016
Inngåtte ekteskap22 73822 537-201
Skilsmisser9 3069 34539
Separasjonar10 50710 842335

Det var 200 færre inngåtte ekteskap i 2016 enn året før. Sett i høve til folketalet i dei enkelte fylka hadde Østfold, Telemark, Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag ein liten auke i talet på inngåtte ekteskap, mens det var ubetydelege endringar i dei andre fylka. Det var i alt 9 300 par som skilde seg og 10 800 par som blei separert i 2016.

Gjennomsnittstala for skilsmisser dei siste fem åra er dei lågaste sidan femårsperioden 1986-1990, mens gjennomsnittstala for separasjonar i same periode ikkje har vore lågare sidan 1981-1985.

278 par med same kjønn gifta seg i 2016. Det var 157 vigslar mellom to kvinner og 121 vigslar mellom to menn og dei fleste vigslane mellom personar med same kjønn fann stad i Oslo og Akershus. Talet på inngåtte ekteskap mellom personar av same kjønn i 2016 var det lågaste talet for kvinner sidan den nye ekteskapsloven kom i 2009, men det høgaste talet for menn som er registrert i same periode.

I 2016 blei 96 ektepar av same kjønn separert, mens 78 ektepar av same kjønn skilde seg.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB