Tall for UNIO i statistikkbanktabell 03546 og i hovedtabellen ble korrigert 27. mars 2020.
Nøkkeltall
21 532
tapte arbeidsdagar som følge av arbeidskonfliktar i 2019
2017 | 2018 | 2019 | Endring siste år1 | |
---|---|---|---|---|
1Det varierer noko frå år til år kva for fagforeiningar som svarar på undersøkinga, særleg når det gjeld små foreiningar ikkje tilslutta nokon av dei fire store hovudsamanslutningane. Endringstal for gruppa «Andre fagforeiningar i alt» må derfor tolkast med varsemd. | ||||
Fagforeiningsmedlemmer | ||||
Alle arbeidstakarorganisasjonar | 1 831 096 | 1 857 787 | 1 904 365 | 46 578 |
Landsorganisasjonen i Norge i alt | 925 605 | 936 711 | 952 394 | 15 683 |
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund i alt | 217 724 | 222 392 | 225 794 | 3 402 |
UNIO Hovedorganisasjon for universitets- og høyskoleutdannede | 359 054 | 367 978 | 375 181 | 7 203 |
Akademikerne i alt | 203 102 | 208 597 | 220 005 | 11 408 |
Andre arbeidstakarorganisasjonar i alt | 125 611 | 122 109 | 130 991 | 8 882 |
2017 | 2018 | 2019 | Endring siste to år | |
Streikar og lockoutar | ||||
Arbeidskonfliktar | 10 | 11 | 8 | -2 |
Arbeidstakarar i arbeidskonflikt | 401 | 3 502 | 1 934 | 1 533 |
Tapte arbeidsdagar | 8 942 | 24 142 | 21 532 | 12 590 |
Om statistikken
Statistikken gir tal på fagforeiningsmedlemmer, medlemmer av arbeidsgivarorganisasjonane samt arbeidskonfliktar (streikar og lockouts). Den er basert på frivillig rapportering frå fagforeiningane og frå arbeidsgivarorganisasjonane.
Omgrep
-
Tilsette i arbeidsgivarorganisasjonane Tilsette i medlemsverksemdene omfattar alle tilsette uavhengig av om dei faktisk er sysselsette på teljingstidspunktet eller ikkje.
Medlemer i arbeidstakarorganisasjonane Tal på medlemer i arbeidstakarorganisasjonar omfattar alle registrerte medlemer, også ikkje-yrkesaktive som studentar, pensjonistar med vidare per 31.12.
Hovudsamanslutning Med hovudsamanslutning meinast ein samanslutning av fleire organisasjonar enten på arbeidstakar- eller arbeidsgivarsida.
Arbeidskonflikt Med arbeidskonflikt meinast ein mellombels arbeidsstans av minst ein dags varigheit. Talet på konfliktar per år blir rekna ut frå talet på forbund som har hatt grupper av arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt. Ein konflikt som er avbrote, men som seinare vert oppatt teke av same grunn, blir talt som ein konflikt om ikkje avbrotet går over to månadar. Over denne tid skal den telle som ny konflikt. Ein konflikt som er oppstått eit år og som fortsett neste år skal tas med i begge åra. I utgangspunktet skiljes det mellom to ulike hovudtypar av arbeidskonfliktar, streik og lockout. Med streik meinast nedlegging av arbeidet frå dei tilsette si side. Streik er et middel som vanlegvis brukast i ein konflikt mellom ein fagforeining o.l. og ein eller fleire arbeidsgivarar for å presse frem bere lønns- og arbeidsvilkår. Følgjande typar streikar er med i statistikken: Lovlege streikar, ulovlege streikar, sympatistreikar, politiske eller proteststreikar, generalstreikar, arbeidsstopp sett i stand av tilsette. Lockout som konfliktmiddel er arbeidsgivarsidas svar på streikar. Ein lockout inneber at arbeidstakarar blir utestengt frå arbeidet inntil partane er blitt einige om ein måte å løyse usemje på.
Arbeidstakarar Med tal på arbeidstakarar som blir involverte av konflikten meinast fast tilsette, mellombels tilsette, sesongarbeidarar og deltidstilsette. Deltidstilsette blir talt som individ på same måte som heiltidstilsette. Tilsette som er fråverande grunna sjukdom eller permisjonar samt ubetalte familiemedlemmer er ikkje med i statistikken.
Talet på tapte arbeidsdagar Varigheita av ein konflikt blir målt i talet på tapte arbeidsdagar, dvs. vyrkedagar per uke for den aktuelle gruppa i konflikt, ikkje kalenderdagar.
-
Næringsgruppering. Sentralt i lønnsstatistikken står gruppering etter næringer i tråd med Standard for næringsgruppering (SN 2002), som er den norske versjonen av den internasjonale standarden International Industrial Classification (SIC94).
Administrative opplysingar
-
Namn: Fagforeiningsmedlemmer og streikar
Emne: Arbeid og lønn
-
Seksjon for arbeidsmarkeds- og lønnsstatistikk
-
Nasjonalt nivå.
-
Årleg.
-
Ikkje relevant
Bakgrunn
-
Formålet med statistikken er å gje ein oversikt over kor stor del av befolkninga som er organisert i ein arbeidstakarorganisasjon og gje et oversyn over talet på konfliktar, tapte arbeidsdagar og talet på tilsette som er involverte i konfliktane. I tillegg for arbeidsgivarorganisasjonane å gje ein oversikt over tal på medlemsverksemder totalt og med tariffavtale, samt tal på tilsette i disse verksemdene. SSB har sidan 1977 utarbeidd årleg statistikk over medlemer i arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar og sidan 1922, med unntak av årene 1940-1944, utarbeidd årleg statistikk over arbeidskonfliktar.
-
Sentrale brukarar er forskings- og utredningsinstitusjonar samt media. Det blir levert tal til Eurostat og OECD etter avtale.
-
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen. Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.
-
Ikkje relevant
-
Frivillig undersøkelse.
-
Nei.
Produksjon
-
Populasjonen omfattar alle føretak i SSBs Verksemd- og føretaksregister (VoF) i næringsgruppene "Næringslivs- og arbeidsgivarorganisasjonar", og "Arbeidstakarorganisasjonar". Populasjonen omfattar landsomfattande arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar som hjelper sine medlemer med tariffavtalar og lønnsforhandlingar samt hovudsamanslutningane dei einskilde organisasjonane tilhøyrar. Organisasjonar som avgrensar si verksemd til spørsmål av reint fagleg art er ikkje med i populasjonen.
Statistikken omfattar arbeidskonfliktar som involverer tilsette eller ein eller fleire arbeidsgivarar. Ein arbeidskonflikt definerast som ein mellombels arbeidsstans bevisst sett i verk av ei gruppe arbeidarar (streik) eller av ein eller fleire arbeidsgivarar (lockout) for å tvinga gjennom eit krav.
-
SSB sitt skjema "Medlemstal og konfliktar". SSB sitt Verksemd- og føretaksregister blir nytta for å kartlegge populasjonen via næringskoden.
Totalteljing for alle føretak som omfattast av populasjonen. SSB sender skjema til alle arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane som hjelper sine medlemer med tariffavtalar og lønnsforhandlingar samt hovudsamanslutningane dei einskilde organisasjonane tilhøyrar.
-
Statistikken er ein frivillig skjemaundersøking med teljingstidspunkt 31.12. i det året statistikken gjelder for. SSB sender ut skjema til alle organisasjonane som skal vera med i undersøkinga.
Det blir føretatt manuelle kontrollar for å sikre konsistens i datamaterialet frå år til år i dei ulike organisasjonane. Ved tvil om dei oppgitte tala vert organisasjonane kontakta. Statistikken vert i tillegg kontrollert opp mot opplysningar om arbeidskonfliktar som Riksmeklingsmannen har registrert og mekla i.
-
Ikkje relevant.
-
Ikkje relevant.
-
Statistikken er samanliknbar attende til 1977.
Nøyaktigheit og pålitelegheit
-
Ein mogleg feilkjelde er feilrapportering frå oppgåvegivar. Det vil seie at organisasjonane enten kan føra feil tal på medlemer på skjema (skrivefeil) eller at dei sjølve er usikre på medlemstalet, talet på tilsette som streikar og tapte arbeidsdagar. Arbeidsgivarorganisasjonar kan rapportere årsverk i staden for tilsette (personar) og dei kan tolke omgrepet «medlemsverksemd» ulikt. Ei anna usikkerheit eller feilkjelde er når organisasjonar ikkje svarar, sjølv om det høyrer til sjeldanheitene.
Statistikken byggjer på ei totalteljing og vi unngår dermed usikkerheit med utvalsvarians og fråfall i utvalsundersøkingar.
Registerfeil. Ei mogeleg feilkjelde er at alle organisasjonane ikkje har korrekt næringskode i Verksemd- og føretaksregisteret, og av den grunn ikkje kjem med i teljinga.
-
Ikkje relevant.
Analyser, artikler og publikasjoner

Over 20 000 tapte arbeidsdagar i 2019
Publisert 20. april 2020I 2019 gjekk 21 532 arbeidsdagar tapt i totalt åtte arbeidskonfliktar. Samanlikna med tidlegare år med mellomoppgjer er dette talet på tapte arbeidsdagar høgt.
Les artikkelen
Brattere trapp til lønnstoppen
Publisert 29. oktober 2018Fra slutten av 1990-tallet og frem til i dag har avstanden mellom de høyeste og laveste månedslønningene blitt betydelig større. I gjennomsnitt må en person med jobb i laveste lønnsgruppe jobbe i nesten fire måneder for å motta like mye som en gjennomsnittsperson mottar på bare en måned i høyeste lønnsgruppe.
Les artikkelen
Mest konflikt rundt hovedoppgjør
Publisert 6. april 2018Siden 1992 har vi hatt tre år med 500 000 eller flere tapte arbeidsdager, og alle falt på år med hovedoppgjør.
Les artikkelen
Norden fremdeles på topp i fagforeningsmedlemskap
Publisert 4. august 2016Lønnstakere i de nordiske landene har lenge ligget på topp når det gjelder organisering i fagforeninger. Men andelen som organiserer seg, har gått ned over tid. I snitt går over 140 000 arbeidsdager tapt i Norge hvert år på grunn av streiker.
Les artikkelenFaktaside
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
-
Magnus Berglund Johnsen
-
Rakel Gading